"Naturmanfoldig" program under
Naturhistoriske dagar 2.-5.september
|
Bredøre. |
Bli med på flaggermussafari i Tafjorden, figurteateret "Rødhette og ulven" eller fjøredag med naturekspertane Jan Einarsen og Alv Ottar Folkestad!
Her vert det mykje kjekt å oppleve og lære! Dette er noko av det mangfoldige programmet for årets dagar i september.
Programmet vert presentert under.
OBS! Flaggermusnatt avlyst pga. for lave kveldstemperaturar!
Stølsturen søndag 22.august - møt oss på Auresætra
|
Djup konsentrasjon under Stølsturen 2009. Foto: SNM |
Vi stiller med gevir, horn, kranier, pels, klør, nebb, fjør og andre spennande saker!
Også i år vil Sykkylven Naturhistoriske Museum vere til stades på STØLSTUREN på Auresætra i Sunndalen (Sykkylven). Vi blir å finne i eitt av sela i trøa, der vi stiller med enkle kjekke aktivitetar for små og store.
Dei som stikk innom oss vil også kunne teste sin naturkunnskap. Kanskje kan du meir, eller mindre enn du trur? Stikk innom oss!
Det vert elles mykje kjekt å sjå på stølen denne dagen!
Sommarope museum 16.juni - 19.august
|
I fuglekassekroken kan besøkjande snikre seg fuglekasse. Museumsvert Bente Klevberg Tynes håper mange stikk innom museet! |
Vi har ope tysdagar, onsdagar og torsdagar 12.00-16.00.
Kom og sjå ei ekte mammut-tann og høyr historia bak!
I vårt vesle utsal finn du plysjfulgar med "ekte" sang, puslespel, fuglekasser m.m. Er du på jakt etter ei annleis gåve til ein dyrevenn, ta turen innom!
I Galleri Elvetun kan du frå 29.juni sjå
maleri og innstallasjon av Simon Wågsholm.
Velkomen til oss!
12. og 13. juni - Jernalderaktiviteter på Auremarka
|
Heidi Haugene serverer her fisk kokt i kokegrop. |
Under Sykkylvsdagane vil arkeolog Heidi Haugene frå Godøy Kystmuseum stå for jernaderaktiviteter saman med Sykkylven Naturhistoriske Museum.
På Auremarka kan besøkjande få prøve bogeskyting, lage skinnpose, risse runer eller smake på mat tillaga i kokegrop eller på planke på skikkeleg jernaldervis.
Vi set fokus på dei mange jernalderfunna som er gjort i Sykkylven. på Auremarka er det funne spor etter eitt av dei største husa frå førhistorisk tid i Noreg. Huset er tidfest til omlag 400-500 e.Kr., og har vore 56-57 meter langt. Også funn frå Hamarset frå omlag samme tid, vert presentert.
Sykkylven Aktiv vil tilbereie lam i kokegrop, og Sykkylven Rideklubb står for riding og køyring med hest.
Ta turen bortom Auremarka
laurdag 12. mellom 12.00 og 16.00, eller
søndag 13.juni, mellom 13.00 og 15.00!
Her blir smak av jernalder både for kroppen og vitet.
Tysdag 25.mai kl 18.00 - Tid for Seljefløyte
|
Ein seljerenning blir fløyte. |
Ta med kniv og møt opp på ungdomshuset Vårvon i Straumgjerde. Vi går ut i marka og finn oss emne som vi lagar seljefløyter av.
Barn i følge med vaksen. Barneorganisasjonen JUBA er medarrangør, og sørger for bålmat og litt drikke. Vi trekkjer ein heldig vinnar av dei frammøtte som får ein kniv gitt av Intersport i Sykkylven.
6.-7.mai - Fuglesong i grisotta
|
Leiar i Norsk Ornitologisk Forening Alv Ottar Folkestad i sitt rette element. |
Dette er eit kurs for lærarar, etter innspel frå Sykkylven kommune.
Alv Ottar Folkestad er kursleiar og vil gi deltakarane eit naturleg påfyll, medan Sykkylven Naturhistoriske Museum er arrangør. Dette vert vårens vakraste eventyr!
Tilsvarande kurs vert halde med tema botanikk i august/september.
Gründercamp laga Facebook-gruppe for museet
|
Stine, Emma og Gry på besøk hos taxidermist Stein Ivar Bakka. |
15.-19.mars har Sykkylven Ungdomsskule gjennomført Gründercamp.
Ei av gruppene fekk oppdraget: Korleis marknadsføre Sykkylven Naturhistoriske Museum, slik at vi får fleire besøkjande?
Jentene løyste oppgåva med å lage ei gruppe på Facebook. Etter 2 døgn hadde gruppa over 150 vener, med både jamnaldrande vener og (for)-eldre vener.
Sjå gruppa på Facebook her.
Vi takker for ein kjempeinnsats, og for ein ny og spennande kanal å spre info om nyhende og arrangement!
Lag din eigen LANGBOGE - 13.-14.februar
|
Arkeolog Heidi Albertinesdatter Haugene er ein av kurslærarane. Foto: SNM |
Rike funn av kulturminne fortel oss om stor menneskeleg aktivitet i sunnmørsbygdene, men også mykje naturhistorie. Mange spor etter fangstanlegg med dyregraver, ledegjerde og bogestelle, fortel om fangst av reinsdyr i førhistorisk tid. Særleg mange spor finn vi i Stranda og Norddal.
Vil du lage din eigen LANGBOGE, kan du bli med på kurs!
Kurset går over to dagar, laurdag 13. og søndag 14.februar
Pris: kr 1200,-/1300,- inkludert materialkostnader og 3/4 piler.
Kurset vert halde på sløydsalen ved Sykkylven Ungdomsskule.
Begrensa antal plassar.
Kurset vert avslutta søndag med innskyting/"villsvinjakt"!
Påmeldingsfrist: 4.februar
Informasjon/påmelding:
pr. telefon 97045640
pr. e-post: post@natur-museum.no
Over 150 personar vart fenga av Ivar Aasen
|
Markblomar i Iver-garden. |
Det har truleg aldri vore så mange i tunet i Iver-garden i Ramstaddal, som søndag 21.juni. Med godt ver, gode aktørar og mykje folk vart dette ein triveleg ettermiddag for dei frammøtte.
Kjell Løseth sine skildringar av botanikaren, diktaren og veslebroren til Ingeborg Melseth, stimulerte både til latter og ettertanke.
Det vart både plantar og ord i Ivar Aasen sine fotspor.
Bli med på fuglekasse-snekring 17.mars
Humler med suksess under Naturhistoriske dagar 2008




